Vårljos: Solstad og eg
Dag Solstad er ikkje så nøgd med ytringsfridom, har eg latt meg fortelje. Kan hende er han ikkje så nøgd, fordi folk flest er idiotar. Og dersom folk flest skal ytre seg heile tida og overalt, druknar dei gjennomtenkte, interessante og reflekterte ytringane. Kan hende saknar han universitetet. Kjensla av å sitte blant idiotar som trass alt ikkje er skikkelege idiotar, berre medstudentar som ein kan krangle kvalifisert med. Kan hende saknar han fjernsynsdebattar der folk fekk snakke ferdig. Kan hende vil Dag Solstad seie noko om at tankar blir meir interessante om ein bruker tid på dei.
Nobody else in Ma.gnolia has this bookmark.
